Feeds:
Innlegg
kommentarar

Arkiv for kategorien ‘Kryss i taket’

Kva skjedde?

Eg har ikkje skrive eit ord her på lange tider. Likevel auka besøkstalet med 15 gonger i forhold til normalt i går. Ny besøksrekord! Kva skjedde?

Read Full Post »

Halleluja

I går oppdaga eg noko fantastisk! Ben & Jerry’s iskrem er nå å få tak i berre 1 time og 15 min frå heimen min. Eg har alt hamstra:)
Bilete frå http://www.hippyshopper.com/2008/05/ben_jerrys_chun.html

Read Full Post »

I kveld har eg gått på ski! 10,5 kilometer. Eg er særs nøgd med eigen innsats:)
Kryss fingrane for mange fleire turar i vinter!

Read Full Post »

Klar, ferdig, gå!

Tomta vår er tinglyst!

Read Full Post »

Du veit korleis gamle folk aldri kan vera impulsive? Alt må planleggast i god tid og vel så det. Har dei ein ting på programmet ein onsdag, så er i praksis heile veka opptatt. Og ein liten tur til nabobygda er omtrent like omfattande som ein ekspedisjon til Nordpolen.
Eg hadde ikkje så store forhåpningar om [...]

Read Full Post »

Pizzabildama

På fredag fekk eg eit litt uventa spørsmål. Ei på jobb ringte meg for å spørja om dei kunne bruka eit bilete av meg i ein reklame som skal brukast på firmabilane! Meg! På heile sida av x-antall pizzabilar! Eg ba om litt betenkningstid.
Etter litt konferering med familie og min betre halvdel, har eg altså [...]

Read Full Post »

Gode forsetter

I god nyttårsforsett-ånd har eg satt foten ned for søte utskeielsar i vekene. Snop skal nå avgrensast til lørdagar og besøk. Planen er eit beinhardt regime der det som ikkje blir oppete lørdags kveld, blir kassert. Irritasjonen over sjokoladerestene i snopeskuffa har difor vore stor dei siste dagane. Det er med naud og neppe eg [...]

Read Full Post »

Ny rekord!

I dag, i ein alder av 25 år, har eg klart noko eg aldri klarte i min spreke ungdom. Eg dukka heilt ned til botnen av det 4 meter djupe bassenget.  Det er ei stolt jente som går til sengs i kveld:)

Read Full Post »

Restemiddag

Det er god grunn til å setja kryss i taket når eg lagar restemiddag:
Eg hatar rester.
Kvar denne aversjonen kjem frå skjønar eg ikkje heilt. Eg er nemleg oppfostra på norsk bondekost i ein heim der rester vart åte opp under oppsamlingsheat mot slutten på veka.  Skilnaden er kanskje at då fekk eg maten varm på bordet.  Nå finn eg den [...]

Read Full Post »