Sjå, kor fint det blir!
Det har vore travle dagar i det siste. Derav liten aktivitet her. På bilete ser de grunnen. Sidan sist har me altså mala eit heilt hus! Sjølv om det var hektisk medan det stod på, er det så inderlig godt å ha nesten heile sommaren framfor seg, og malejobben unnagjort. Klapp på skuldra til oss.
I tillegg til kledning og maling, har me fått pipa sidan sist. Nå er snikkarane i full gang med å leggja på takstein, og så snart det er gjort tar dei ein månad velfortent ferie.
Så nå får me smørja oss med tålmod og sjå fram til innearbeidet som ventar til hausten.

så fint hus
Takk:)
Kom gjerne på besøk!
NYDELIGT!!
Åj, det er et helt hus! Si fra når dere tar i mot gjester, så skal jeg være der.
Så fint det er! Glede meg til å sjå det på ordentlig.
whoa! nydeligt! og så digert.. eg syns dokke har vore meget flinke!
Gjester i nyehuset blir neppe aktuelt før ved juletider, men i gamlehuset er det alltid rom:)
Men alle er sjølvsagt hjarteleg velkomne på inspeksjon.
All skryt tas imot med takk, ettersom eg gjer meg til gjeldsslave for årevis for dette her…