For fleire år sidan, då min kjære og eg laga hage rundt det huset me bur i nå, gjekk det mykje pengar på blomar. Og etter at eg hadde handla for ei formue i kvite, blå, rosa og lilla blomar, tenkte eg at eg hadde ikkje anna å gjera enn å la min kjære få ta med den gule blommen han likte så godt. Gul verken er eller var min favorittfarge, men eg tenkte at slik er det vel i gode forhold, nokre kompromiss må ein kunna inngå. Og slik gjekk det til at det vart planta ein gul blom i det eine bedet.
Og selvfølgelig, det kunne ikkje gå annleis: Den gule blomen stortrivdes i bedet mitt, og vaks utover fortare enn svint. Den la seg utover dei kvite og lilla tuene, og eg sa stygge gloser inni meg medan eg prøvde å oppdra den så godt det lot seg gjera.
Etter fleire somrar med dette irritasjonsmomentet spurte eg fint om eg kunne få lov til å fjerna den #”¤%/#! blommen, og etter litt betenkningstid fekk eg positivt svar. Eg grov den opp og heiv den vekk, og var med eitt mykje lykkeligare til sinns.
Men jaggu var eg ikkje kvitt den ennå. Brått stod den i full flor attmed låveveggen.” Jaja, tenkte eg, den står i alle fall ikkje i bedet mitt.” Og slik gjekk det eit par år i fred og fordragelighet.
Så er me komne til 2009. Me er i full gang med husbygging, og er såvidt starta med å legga planar for den nye hagen. Og ein ting kan eg garantere deg, det er ingen planar om gule blomar i den hagen.
Med dette i bakhovudet kan du vel tenka deg kva gloser som for gjennom hovudet mitt då eg kom ut etter å ha kikka litt i det nye huset, og det var dette synet som møtte meg:
Første blomen i min nye hage: Gulus Plagius
#”¤%/?&#!

forstår deg veldi godt. har ei gul plage eg og i hagen, men ikkje den samme. trur eg rive opp like masse kvart år.
Den skal i alle fall vekk før eg lagar ordentlig hage. Nå trøstar eg meg med at det overraskande nok veks både jorbær og roser i hagen i tillegg:)
e litt kjekkare med roser og jordbær, enn gulle plager ja
eg e ikkje fornødde Marit! du lovte meg ett nytt innlegg for sånn 3 dagar sio! skam deg!