Rydding og vasking er ikkje å finna blant mine favorittaktivitetar. Berre tanken på det fører raskt til kraftige anfall av vondt-i-viljen. Problemet er berre at eg er svært glad i å ha det reint og ryddig. Det er for såvidt kjærasten min også, det er berre det at mi grense for kva som er reint og ryddig er ei heilt anna enn den han opererer med. Og når eg då føler at behovet for litt reingjering er pressande, blir eg nesten litt irritert. Kvifor føler eg det slik? Kva skjer om eg lar vera å gjera reint?
Ei eg kjenner gir deg ganske enkelt beskjed ved døra: “Her er ikkje reint, behald skoa på.” Den beskjeden kjem ikkje ein sjeldan gong, men kvar gong. Og det er aldri reint. Men me har det ikkje mindre hyggelig for det. Ho er ikkje ei mindre god venninne sjølv om bustaden ikkje er kjemisk fri for hybelkaniner.
Likevel har eg ikkje nådd det stadiet ennå. Før det dukkar opp besøk sørgjer eg for at huset er reint og ryddig, og kjem besøket litt overraskande på, så skjems eg litt over korleis det ser ut. Skjønt det spørs litt kven det er som stikk innom. Er det ei venninne så er det ikkje så farleg, er det derimot bestemor så bør det vera stil på det.
Eg skal jobbe litt med å senke krava. Det er nemlig så mange andre ting eg heller vil gjera enn å gnikka og gni på diverse ting og tang. På veggen hos ei mor til ei venninne heng det eit skilt. Eg hugsar ikkje teksten ordrett, men der står det noko i denne dur: “Dersom det er litt støvete tyder det at eg har gjort noko kjekkare”. Det er ei god haldning. På kjøleskapet mitt heng det eit utklipp som seier “A clean house is a sign of a wasted life”. (Kanskje ikkje ei fullt så god haldning) Men så var det det der med teori og praksis.