Feeds:
Innlegg
kommentarar

Arkiv for juli, 2008

Oppdatering

Denne veka fekk eg pakke i posten. Sjølv om eg hadde bestilt den sjølv, tok det akkurat så lang tid før den kom, at eg rakk å gløyme ut heile bestillinga.  Di større var gleda då den kom. Så nå kan eg kose meg med rykande ferske bøker frå Amazon, nok ein gong levert frå [...]

Read Full Post »

Vakker var den ikkje, men særs praktisk. Kanskje eg skal ønska meg ei slik til neste bursdag.

Read Full Post »

Narnia

Me har vore på kino og sett den andre Narnia-filmen. Eg er ei av dei som har slukt alle bøkene, sett BBC serien på NRK kvar jul og påske i årevis, og er generelt ein veldig lite kritisk filmsjåar. Ut frå desse kriteria vert du neppe overraska når eg fortel at eg syntes filmen var [...]

Read Full Post »

Sommarsnop

Denne bloggen liknar meir og meir på ein matblogg. Det er ikkje planlagt, og kan fort endre seg. Men her kjem nok eit tilskot.
I går laga eg kake. Den vart laga etter “man tager hva man haver” prinsippet. Eg hadde ein salt nøttebotn i frysen og laga sjokoladekrem til å ha over. Så putta eg [...]

Read Full Post »

Grove muffins

I dag har eg laga, av alle ting, grove muffins. Det er så lite sukker i dei at dei nesten er sunne! Sett bort frå smøret, då. Og sjølv om dei nesten er sunne, så smaka dei godt. Med litt creme fraiche og syltetøy vart det enda betre. Prøv sjølv:
3 1/2 dl kveitemjøl
2 1/2 dl [...]

Read Full Post »

Søndagsfrukost

Søndagsfrukosten er mitt favorittmåltid. Det er herleg å sova lenge, for så å ta seg god tid med frukosten. Menyen er ulik kvar gong, og det er sterk variasjon i kor avansert den blir og kven som diskar opp. Det er ikkje snakk om timelang førebuing, men enkle, gode ting. I dag var det egg- [...]

Read Full Post »

Vaskerier

Rydding og vasking er ikkje å finna blant mine favorittaktivitetar. Berre tanken på det fører raskt til kraftige anfall av vondt-i-viljen. Problemet er berre at eg er svært glad i å ha det reint og ryddig. Det er for såvidt kjærasten min også, det er berre det at mi grense for kva som er [...]

Read Full Post »

Eg har vore hos frisøren. Dei lange, lyse lokkene er nå erstatta av ei kortare frisyre. Kjæresten min sørgjer… Han om det.
Frisørbesøk går i kategorien for luksus. Eg nyter det å la andre stella og dulla med håret mitt, og synest nesten at hårvasken er verdt besøket i seg sjølv. Eg har stor tiltru til [...]

Read Full Post »

Som tidligare fortalt har eg i løpet av ferien besøkt ikkje mindre enn to meteorittkrater. Eg må innrømma at eg verken har tenkt på eller sett så mykje om meteorittar før, men plutselig dukkar dei opp over alt. Det eine krateret me var innom var Gardnos meteorittkrater i nærleiken av Nesbyen. Der slo meteoritten ned [...]

Read Full Post »

Tilbake

Me har returnert etter ei veka meir eller mindre på loffen. For å oppsummera kan eg fortelja at me har besøkt to meteorittkrater, blåst glas, spelt badminton, vore innom min favorittbokhandel, sett danser med ulver slik det foregår i røynda, besøkt Carl Larsson, solt oss, gått på rollerblades, lukta på rosene, bada, lest, blitt sakte [...]

Read Full Post »