Eg hadde tenkt ut eit kort, fyndig og morosamt innlegg til i dag. Det var som følgjer:
“Sommaren er nå avlyst.
Me har nemlig investert i hagemøbler.”
Så sikker var eg på at det kom til å hølje ned så snart hagemøblene var på plass. Heldigvis tok eg feil.
Nå sit eg nemlig på terrassen (godt innpakka, det må eg vedgå), drikk te, et vannmelon og nyt ei roleg kveldsstund. Elles har eg i dag hausta første ladning med sjølvdyrka salat. Reddik har eg hatt lenge, så her er det stadig aukande mengder med særdeles kortreist mat.
Etter middag hadde eg meg ein tur på rollerblades. Det er fortsatt prega av skrekkblanda fryd, men med så lite trening er det ikkje anna å venta. Eg trur eg nå er nede i kr 500 pr tur.
Ein god deg her på bruket, altså. Eg håpar din dag var like bra:)
hahah, 500 pr tur
(trur mine ligge rundt tusenlappen pr tur, innkjøpt i ..-99? og lagt på is itte et særdeles stygt fall både for knær, rumpe og bukse. men fine e de, det ska de ha.)
fin dag, og så flink du e te å fikse kortreist mat!
Eg starta med eit fall som resulterte i mitt største bakendeblåmerke nokon gong. Det var vondt! Eg fryktar den dagen eg trynar på skikkelig. Rollerblades er jo ei ulukke som ventar på å skje…
det e det, og med min ulykkes/klønestatistikk så seie mine nære og kjære at de får ligge i skapet samen med snowboardet.
eg får sjå ka så skjer om dette kneet nogengong tar seg samen..
Hehe, ja du har jo ein tendens til å enda opp med krykker i tide og utide. Håpar det blir orden på det etter kvart.
[...] er biletebevis av den tidligare omtalte kortreiste reddiken. [...]