Nå drar eg på ferie. Bort for å besøka søta bror. Ha det bra så lenge:)
Arkiv for juni, 2008
Ut på tur…
Posted in Uncategorized on juni 28, 2008 | 3 kommentarar »
Kina neste?
Posted in Tekniske ting on juni 26, 2008 | 2 kommentarar »
Var du også ein av dei som ivrig grov tunnel til Kina i barnehagen? Her kan du sjå kvar du faktisk hadde havna.
På maten skal fintfolk kjennast
Posted in For ganen, Ting som skjer on juni 25, 2008 | 4 kommentarar »
Eg har åte kirsebær med fiffen. Vel, strengt tatt var det jordbær og moreller, men likevel. Her er gårsdagens meny:
Amuses gueules:
Jordbær dyppa i kvit sjokolade, balsamicoeddik eller panering med grøn pepar
Forrett:
Fersk laks med smørsaus med safran og asparges, lettrøykt laks med tzatziki og røykelaks med sylteagurk, creme fraiche dressing og lodderogn
Hovudrett:
Bresaola av hjort, steikt sopp, [...]
Tok du ‘an?
Posted in Tekniske ting on juni 24, 2008 | Legg att ein kommentar »
Her skal me byggja…
Posted in I eigne tankar, Ting som skjer on juni 23, 2008 | 5 kommentarar »
I dag har me fått målt opp tomt. Denne gongen gjekk det heldigvis mykje betre enn forrige gong. Ingen overraskingar. Ingen som kom springande gjennom skogen for å kalla oss både det eine og det andre for så å øydeleggja halvanna års arbeid og draumar. Nå står nye, blanke grensemerker og viser kvar me skal [...]
Reddik
Posted in For ganen on juni 23, 2008 | Legg att ein kommentar »
Her er biletebevis av den tidligare omtalte kortreiste reddiken. Snadder:)
Bæ, bæ, lille lam
Posted in Kvardagsliv, Ting som skjer on juni 22, 2008 | Legg att ein kommentar »
I serien om litt atypiske laurdagsaktiviteter, passar gårsdagen godt inn. Då jaga me sauene til fjells. Iført barnehageregnbukse (dvs. bukse med selar) trossa eg og kompanjongane mine veret, og fekk ført heile flokken dit den skal tilbringa resten av sommaren. Slik såg det up på vegen oppover. Legg merkje til det flygande lammet.
Det kriblar og klør
Posted in Globetrotting on juni 20, 2008 | 2 kommentarar »
Reisesjuka har tatt meg. Igjen. Den kan vera ganske slitsom til tider, og nå klør det igjen. Det er godt det berre er ei veka igjen til ferie. Då set eg kursen mot Sverige. Til å vera så nært, har eg sett utruleg lite av Sverige. Eg håpar det rettar seg nå.
Søster mi reiser snart [...]
Nå…
Posted in Mentalt påfyll on juni 20, 2008 | Legg att ein kommentar »
…les eg
…og høyrer eg
Med andre ord flirer eg litt av faktene til den store Gauss (han med kurva, ja) og Humboldt, og er ein smule trafikkfarleg medan eg lever meg inn i forteljingane si verd.
Bileta er henta frå www.gyldendal.no og www.haugenbok.no
Fysikk i framsteg
Posted in Uncategorized on juni 18, 2008 | Legg att ein kommentar »
Eg lærte mykje rart i fysikktimane på vidaregåande. Ein av dei tinga eg hugsar best er teksten til salma “La oss vandre i lyset”. Læraren vår var nemlig strengt religiøs, og såg på det som høgst nødvendig å starta alle undervisningstimar med minst ei salme. Var me riktig heldige akkompagnerte han oss på toradar.
Ein av [...]