Det er god grunn til å setja kryss i taket når eg lagar restemiddag:
Eg hatar rester.
Kvar denne aversjonen kjem frå skjønar eg ikkje heilt. Eg er nemleg oppfostra på norsk bondekost i ein heim der rester vart åte opp under oppsamlingsheat mot slutten på veka. Skilnaden er kanskje at då fekk eg maten varm på bordet. Nå finn eg den kalde maten i kjøleskapet og må varma den opp sjølv. Kald brun saus minnar lite om den varme, gode sausen frå tidligare.
Min resteaversjon har ført til følgjande matpolitikk: Eg lagar heller for lite mat enn å enda opp med rester. Likevel blir eg alltid sånn passe mett, men eg er litt i tvil om det også gjeld kjærasten min.
Dagens restemiddag er altså eit unntak frå regelen. Den er eit resultat av eit akutt anfall av husmorkjensle: Me hadde steik på søndag. Steika var god då. Eg er litt skeptisk i dag. Det blir nok ei stund til neste gong.