Kvifor er det så mykje dag igjen på slutten av energien?
Det er travle dagar for tida, og dermed lite aktivitet her. Men hald ut. Eg er plutselig tilbake.
Kvifor er det så mykje dag igjen på slutten av energien?
Det er travle dagar for tida, og dermed lite aktivitet her. Men hald ut. Eg er plutselig tilbake.
Posta på I eigne tankar | 1 kommentar »
Det må sjåast som eit klart teikn på at lokalavisa er litt tynnare enn akseptabelt når min kjære ved eit uhell tar med seg tre aviser frå butikken i den tru at det er ei.
Jada, me skal returnere dei to me ikkje betalte for. Ingen grunn til å kontakte onkel politi.
Posta på Ting som skjer | 2 kommentarar »
Som du kanskje har fått med deg, så bygger me hus for tida. Sakte men sikkert nærmar det seg innflytting, sjølv om me fortsatt har eit lite stykke igjen å gå. For kvar ting som kjem på plass i det nye huset, synk engasjementet litt for det gamle. Og ærleg talt, så virkar det som om heile det gamle huset vårt snart går ut på dato.
Me har hatt vannlekkasje i taket, tv-en tok kveld her ein dag, tørketromla protesterer kvar gong den er i bruk, terassedørhåntaket streikar og me har ennå ikkje somla oss til å bytte lyspære i up-lighten i stova, så her er det romantisk belysning kvar kveld. Det toppa seg her ein morgon då varmekablane på badet gav opp, men heldigvis bestemte dei seg for å fungera etter litt mild overtalelse.
Eg fleipa også med at eg skulle slutta å vaska huset, ettersom det snart skal rivast likevel. Dette er ikkje så langt frå sanninga. Det meste av tida går med på å rydda eller jobba i det nye huset, og då blir det lite tid til overs for reingjering i det gamle. Eit godt råd: Ikkje kom på uanmeldt besøk.
Dei fleste av tinga som ikkje funkar i huset vårt hadde vore enkle å rydda opp i, men det blir liksom ikkje til at me somlar oss til å gjera det. Og eg må nok berre innsjå at dei listene som ikkje er komne opp i huset til nå, dei kjem aldri på plass. Med dette i bakhovudet har me bestemt oss for å gjera alt ferdig før me flyttar inn i det nye huset. For all erfaring tilseier at det som ikkje er gjort til den tid, blir heller ikkje gjort (med det første). Så får me heller smørja oss med tålmod og innsjå at det ser ikkje ut som om det blir innflytting før jul.
Viss ikkje vårt nåverande husvære dett i hovudet på oss før den tid…
Posta på I eigne tankar, husbygging | 2 kommentarar »
Dette har vore ei travel helg. Min mann og eg har fått prøvd oss som småbarnsforeldre i ca 24 timar. Det var fryktelig lite tenkt å ha to små overnattingsgjester hjå seg akkurat den helga klokka skulle stillast. Klokka halv 5 i dag tidleg tassa det nemlig i små føtter. ” Er det morgon nå?”, var spørsmålet, og “nei” var ikkje godkjent svar. Så før klokka ni i dag tidleg hadde me lest to bøker, åte to måltid, laga pannekaker, sett film og baka boller. Snart leggetid her i huset, ja.
Parallelt med barnepass har det foregått hektisk aktivitet i huset. Der er det skjedd mykje sidan forrige hus-oppdatering. Det er snart ferdig plata innvendig, og me har kjempar for å halda følgje med snikrane når det gjeld sparkling og pussing. Kjøkkenet er det rommet som er komt lengst. Der er me snart ferdig med tapetseringa, og i helga har min kjære mann og min galne bror montert kjøkken til den store gullmedalje.
Det blir kjempefint!
Slik såg det ut då me støypte platting rundt huset. Rundballane er armeringsstøtter.
Her er badet, før golvstøyping og plating
De skal få meir oppdaterte bilder sånn litt etter kvart.
Posta på Ting som skjer, husbygging | Legg att ein kommentar »
Den verste lyden i heile verden er lyden av bestikk som skrapar mot tallerkenen.
Definitivt.
Kva er din hat-lyd?
Posta på Kvardagsliv | 6 kommentarar »
Det er Bokmerker sin feil. Nærmare bestem dette innlegget. Eg hugsar eg las innlegget og tenkte “hm, jammen er det lenge sidan eg har lest Isfolket”. Farlige tankar. Så då eg ein lørdag for ca ein månad sidan kikka gjennom hyllene på jakt etter litt lett underhaldning, dukka tanken opp igjen og eg enda opp med Trollbundet. Første boka i serien.
I dag tidleg, ein månad etter, fullførte eg bok nr 47. Du kan sei det slik at eg har hatt avgrensa kontakt med omverden i det siste. Min mann var frekk nok til å påstå at han ikkje hadde sett meg utan ei bok framfor nasa den siste månaden. Det kan eg avkrefte, ettersom eg har klart å kombinere lesing av 47 bøker på ein månad med full jobb, intens pussing og sparkling i nye-huset, diverse besøk og påkrevd møteverksemd. Det har vel gått mest utover blogginga, når eg tenker meg om. Men, jo, eg har nok vore litt indisponert.
Nå lid eg av sterke Isfolket-abstinenser og vurderer seriøst å hoppa rett vidare til Heksemesteren, men eg innser at for husfredens skyld får eg la det venta til juleferien. Så nå er de advart.
Posta på Mentalt påfyll | 5 kommentarar »
Det foregår kakebaking her i huset for øyeblikket, og då kom eg til å tenka på noko:
Mange har ein matlagingsfobi. Med det uttrykket meinar eg den faktoren som får ein til å la vera å prøve ei oppskrift. Når ein tenker på kakebaking evt. dessertlaging er det f.eks svært mange som aldri kunne tenkt seg å laga noko som helst som inkluderer gelatin. Andre igjen har absolutt fobi mot marengs. Begge deler er ganske trist. Den første utelukkar f.eks Dronning Maud og den andre kaka Verdens beste.
Etter å ha tenkt meg godt om, fann eg ut kva min fobi er. Dersom det står “rør smør og sukker kvitt” i oppskrifta, leitar eg vidare etter ei ny. Skjønt det er vel nærare sanninga å kalla akkurat det latskap enn fobi…
Kva er din matlagingsfobi?
Posta på For ganen, I eigne tankar | 11 kommentarar »
Eg har ikkje skrive eit ord her på lange tider. Likevel auka besøkstalet med 15 gonger i forhold til normalt i går. Ny besøksrekord! Kva skjedde?
Posta på Kryss i taket | 6 kommentarar »
FYI: Grillkrydder på havregraut smakar ikkje godt.
Note to self: Grillkrydder ligg til venstre, kanel til høgre.
Posta på Kvardagsliv | 5 kommentarar »